Ungdomsspelarar
Spelarane
Ungdomsakademiet ditt har plass til maksimum 18 spelarar samstundes. Nye spelarar i ungdomsakademiet ditt vil vere 15-16 år gamle. Dei fleste av evnene deira er ikkje oppdaga enno, så du vil ikkje sjå alle evnene eller personlegdomen deira slik som du gjer for seniorspelarar. For å utforske spelarane dine, så må du prøve dei i ulike posisjonar på bana for å sjå kvar dei er best. Hjelpemiddela er stjernekarakterane, speidarkommentarane og rapporten til trenaren. Gjennom trening vil du også vere i stand til å avdekke evnene deira, meir informasjon om dette i treningsavsnittet. Du kan også finne ytterlegare hint i kamprapporten.