Ungdomsspelarar
Kampar
Ein gong i veka spelar ungdomslaget ditt seriekamp, og kvar tredje veke vil du òg kunne ha høve til å spele treningskamp. Du legg inn ordrar på førehand og vel taktikk på same vis som du gjer for seniorlaget ditt. Om det ikkje vert lagt inn ein ordre, eller om lagoppstillinga er ufullstendig, så vil gutane ordne lagoppstillinga sjølv. Dei vil fyrst utrope ei målvakt, så fylle opne plassar i forsvaret (maks 5), følgt av midtbane og kantspelarar (maks 5), og til slutt angriparar (maks 3).